Om oss

Éin offiser og éin idealist


Han hadde ein draum om å bu i blokkleilegheit med ein blomekasse. Ho draumde om gamalt hus med sjel og historie. Det er ting som tydar på at ho vann. No sit dei med to gamle hus. Ein sveitservilla på Lindås, kor dei er folkeregistrert, og ein drakevilla i Balestrand, kor hjarta er.


Tor jobbar til dagleg i Forsvaret. Han gjev seg ikkje før ting er på stell, og er det noko han ikkje kan, vil han lære det. Dette kjem godt med i arbeidet med restaurering av Heimdalstrand. Her står overraskingane i kø, slik det gjerne gjer med gamle hus. Tors evne til å finne løysingar, gjer at arbeidet ikkje stoppar opp av den grunn.


Elisabeth er utdanna sjukepleiar og journalist. I 2010 hoppa ho av tidskarusellen og starta verksemda "Heilt originalt!", som generelt sagt driv med å blåse nytt liv i det gamle. "Det gamle" kan vere ei matoppskrift, eit sentrum, eit hus eller ei møkagreip. Poenget er å ta vare på historia og kulturen vår, og gjerne med ein original vri. Mykje av arbeidet i Heilt originalt! er prosjekt innan kultur og formidling.


Både Tor og Elisabeth er av det nevenyttige  slaget, og utfyller kvarandre i restaureringsarbeidet. Dei evnar også å sjå kor dei ikkje strekk til sjølve, og ber om hjelp der det er trong. I tillegg jobbar Elisabeth med prosjekt knytt til formidling og bruk av Heimdalstrand til kulturelle aktivitetar.