Heim

Aktuelt

Besøk ein kunstnarvilla

Villa Heimdalstrand (1910) er den siste kunstnarvillaen som vart bygd i den tidlegare kunstnarkolonien i Balestrand. Det var den tyske målerinna Emma Normann (1871-1954) som sette opp huset og som arbeidde her kvar sommar fram til ho døydde. Opplev den rikt dekorerte villaen i sein drakestil, det opphavelege interiøret og måleri av kunstnaren sjølv. Villaen er tilnærma autentisk som då den vart bygd, og er no freda.




OMVISNING

Villa Heimdalstrand er stengt for omvisningi veke 31.

Frå veke 32; ta kontakt med Elisabeth på mob 90600806 for avtale


For gruppebesøk, så under.

Formidling for grupper


Dei autentisk bevara bygga med sitt opphavelege interiør er tidsvitner frå gullalderen og keisartida i Balestrand. Å oppleve arkitekturen, kunsten og kunstnarlivet knytt til Villa Heimdalstrand er som å tre inn i ei anna verd.


Vi bidreg til å skreddarsy opplegg som passar for grupper både når det gjeld tidspunkt, innhald og varigheit. Vi har også samarbeid med andre aktørar i bygda, dersom ein ynskjer å kombinere fleire opplevingar.


Ta kontakt for avtale (sjå kontaktinfo nederst)