Kunstnarliv

Ein kunstnarvilla i kunstnarkolonien

Balestrand har lang tradisjon med kunstnarar og kunstnarliv. Allereie i 1819 kom den første kunstnaren til Sogn, og vart bergtatt av naturen og lyset. Etter han følgde mange store målarar, både internasjonale og nasjonale, og motiv frå Balestrand og Sogn vart spreidd over store delar av verda. Ein kan seie at kunstnarane var dei første turistane, men etter kvart ynskte folk å sjå med eigne auge dette fantastiske som vart skildra i storslåtte og tallrike måleri. Dermed strøymde turistar til Balestrand.


Mange av kunstnarane budde på Kvikne's Hotel medan dei var i Balestrand, men etter kvart starta kunstnarane å etablere seg med eigne sommarbustader i bygda. Adelsteen Normann var den første kunstnaren som bygde sommarhus her, Villa Normann. Dette var i 1891, og etter han følgde fleire. Husa vart sett opp i drakestil, og kom som byggesett frå ferdighusfabrikken til Digre i Trondheim.



Emma Normann og Heimdalstrand

Emma Normann (1871-1954) var dottera til kunstmålar Adelsteen Normann, og var sjølv utdanna kunstmålar. Ho vaks opp i Tyskland, kor faren var professor ved kunstakademiet i Düsseldorf og seinare i Berlin. Emma var med far sin og resten av familien til Noreg kvar sommar, og fekk såleis sterke band til Balestrand allereie som ung. I 1910 bygde ho og mannen Willy Pastor sin eigen sommarbustad i sein drakestil i Balestrand. Dette vart den siste villaen som vart sett opp i kunstnarkolonien, då kolonien døydde ut med 1.verdskrig.


Over døra på villaen står namnet Heimdalstrand. Både Emma og mannen Willy var svært opptekne av forhistoria og det norrøne, og den rike dekoren på eksteriør og interiør vitnar om dette. Her finn vi drakar, mønster inspirert av stavkyrkjene og vikingmotiv. I eine mønet tronar Odin til hest. Treskjeraren Ivar Høyvik frå Balestrand er kunstnaren bak alt av utskjeringar i Heimdalstrand, medan det truleg var Emma sjølv som fargesette dekoren.



Mor og dotter

Helga Normann, dottera til Emma og Willy, var i Balestrand kvar sommar saman med mor si. Ho var utdanna innan gymnastikk og dans, og var i tida før andre verdskrig knytt til operaen i Berlin. Ho dreiv også danseskule der. I 1944 flykta dei to kvinnene frå heimen sin i Berlin og busette seg i Oslo.


Helga måla også, både måleri, suvenirar og porselen. Dei to kunstnarane levde av det dei selde til turistane i Balestrand om somrane.  Etter at Emma døydde i 1954 heldt Helga fram med å vere i Balestrand kvar sommar fram til ho døydde i 1987.



Eit freda kulturminne

Heimdalstrand er autentisk bevart frå då det vart bygd i 1910. I 2017 vart eigedomen freda av Riksantikvaren.


Eigedomen vart seld til private eigarar i 2015, som no er i gang med nennsam restaurering. Dei ynskjer  å nytte eigedomen til  å formidle historia til eigedomen og dei som levde her, i tillegg til andre kulturelle føremål.


Villa Normann
Villa Heimdalstrand
Detalj frå utvendig dekor
Frå stovene i Heimdalstrand
Helga i dramatisk positur